Mange i Haram minnest nok Dusse, husmora som skreiv dikt i Haramsnytt. Lenge var ho berre kjent under dette pseudonymet. Seinare avdekka ho sitt eigentlege namn, Oddrun Gribbestad. Orda hennar traff lesarane som små lysglimt i kvardagen og formidla alt frå...
More
Mange i Haram minnest nok Dusse, husmora som skreiv dikt i Haramsnytt. Lenge var ho berre kjent under dette pseudonymet. Seinare avdekka ho sitt eigentlege namn, Oddrun Gribbestad. Orda hennar traff lesarane som små lysglimt i kvardagen og formidla alt frå kvardagsaugeblikk til djupe livsrefleksjonar. Ho skreiv om stort og smått, lyst og mørkt, humoristisk og alvorleg, rett og gale, skildringar og politikk.
Dusse var ei viktig stemme i Brattvåg, og mykje av det ho skreiv er framleis like aktuelt. Tekstane hennar fortener å leve vidare. Difor har vi samla eit utval av dikta i denne diktsamlinga.
Less